Barn og unge i fokus | logo stående negativ
Barn og unge i fokus | kommunevåpen Sør-Fron kommune
a

Meny

Hei, så bra at du trykka deg hit

Barn og unge i fokus | illustrasjon omsorg

I Sør-Fron skal vi ta alle bekymringar knytt til barn og unge på alvor. Uroar du deg for eit barn/ungdom i familien din, i venekretsen eller i nærmiljøet? ​

Det er mange som kan og vil hjelpe deg, og du kan ta kontakt med alle i kommunen som arbeider med barn og unge. Det er også fint om du kan prate direkte med den det gjeld. Fortel på ein varm, men konkret måte kva som bekymrar deg. Kanskje det er nettopp du som gjer ein skilnad for barnet/familien? Du kan vise dei denne nettsida for eksempel.

Døgnope chat og telefon

Vil du være anonym?

Du kan chatte med alarmtelefonen for barn og unge fra kl. 16.15 til 22.45 alle dagar. Laurdagar er den ope til kl. 23.45. Tjenesten er gratis og du er heilt anonym.

Det er mange som kan hjelpe

Treng du nokon å prate med? Du kan ringe

NB! Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direkte kontakt med Politi 02800
eller Midt-Gudbrandsdal Barnevernteneste 45 37 59 98 

Eksempler på bekymringar

Eg vil vite meir om

korleis eg kan prate med barnet/ungdommen min

I følge Ungdata-undersøkelsen frå 2024 seier 90 % av 5.-7. klassingar i Sør-Fron kommune at dei heilt sikkert kan snakke med mamma om vanskeleg ting. 77 % seier det same om pappa. Dette er høge tal og fortel noko om kor viktige foreldre er i barn og ungdommar sine liv.

Kanskje kjem barna sjølve og tek initiativ til samtale, eller du må kanskje tolke signal og sjå moglegheiter.  Uansett kan det vere bra å tenkje gjennom korleis du vil møte ditt barn om det kjem til deg med noko strevsamt eller vondt.

Her er nokre tips:

  • Grip sjansen når den byr seg, og skap rom i kvardagen der barnet kan dele små og store tankar.
  • Øv på å oppfatte signaler om at barnet vil prate med deg. Du kan gjerne spørje om det er noko i vegen om barnet verkar trist eller utilpass.
  • Følg barnet i samtala og del gjerne eigne erfaringer eller hendingar der du også har kjent på vanskelege kjensler.
  • Ver tilstade med heile deg.

Les meir om å snakke med barn på nettsidene til Voksne for barn eller Foreldrehverdag.

ungdom og alkohol

Ved å vere engasjert, støttande, informert og tydeleg, kan du hjelpe ungdommen din til å ta ansvarlege val når det gjeld alkohol.

For eksempel viser undersøkingar blant ungdom at dei ønskjer at foreldre har tydelege forventninger knytt til alkohol.

Barn og unge ser opp til dykk foreldre, de er dei viktigaste personene i livet deira og dermed viktige førebilete.

Det kan vere lurt å snakke med barnet ditt om alkohol tidleg (kanskje tidlegare enn ein trur) og gjere det til eit naturleg samtaleemne.

På nettsidene til Av og til eller  Blåkors kan du lese meir om ungdom og alkohol.

Her er også ei brosjyre laga av Blåkors – Gode råd om barn, foreldre og alkohol. 

 

vald, overgrep og omsorgssvikt

Alle barn og ungdommar har rett til å ha det trygt og godt. Nokre gonger kan vi vaksne uroe oss for om barna og ungdommane våre har det bra. Det kan vere kjempevanskeleg for barn og ungdom å seie frå om dei blir utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt og vi vaksne har eit ansvar for å tru på og lytte til det dei fortel oss. Kanskje må vi nokre gonger spørje direkte?

Det finnes hjelp om du bekymrar deg for om eit barn eller ungdom blir utsett for vald, overgrep eller andre krenkingar.

Det er fleire som kan hjelpe deg her i Sør-Fron:

Ring helsesjukepleier: Ingeborg B. Hagen – tlf: 99265795.

Ring: Barne- og familieveileder: Eli Oda Segelstad – tlf: 947 86 474.

Ring Barneverntenesta: tlf :45375998.

Vil du finne ut meir om kva vald og overgrep er?
jegvilvite.no

Vil du prate eller chatte med nokon som ikkje veit kven du er?

Ring den døgnopne alarmtelefonen for barn og unge116 111
Eller chat her – Anonym chat

Chatten er ope fra kl. 16.15–22.45 alle dagar, laurdag til kl. 23.45.

Treng du hjelp nå? Ring Barnevernvakta 40404015
eller alarmtelefonen for barn og unge 116 111

foreldreveiledning

Mange foreldre ønskjer å få hjelp med små og store situasjonar i kvardagen med barn. Det er ulike årsakar til at foreldre veljer å be om veiledning. Kanskje er det ønskje om betre flyt i kvardagen? Kanskje hjelp til å sette gode grenser for barnet? Kanskje kjenner ein på å ikkje vere den forelderen ein ønskjer å vere? Uansett finnes det fleire som kan hjelpe.

Helsesjukepleier Ingeborg B. Hagen på tlf/sms 99265795 eller Ingrid Wistad på tlf/sms 95774768
Barne- og familieveileder Eli Oda Segelstad på tlf/sms 94786474

I tillegg har fleire tilsette i skule og barnehage veiledningskompetanse og det kan være ein fin stad å ta den første kontakten.

Lenker til sider som kan vere nyttige i kvardagen som forelder:

Foreldrehverdag – fagleg baserte råd tilpassa alderen på barnet ditt.

Littsint – teneste med gratismateriell for foreldre som ønskjer å jobbe med sinnemeistring.

ufrivillig skulefråver

Det kan vere ulike grunnar til at eit barn eller ungdom ikkje klarar å gå på skulen. Det kan vere noko på skulen som gjer det, eller det kan være noko i livet ellers som påverkar. Mange barn og unge har det slik, og det finnes hjelp. Saman kan vi finne ut korleis vi kan hjelpe.

Organisasjonen Voksen for barn har laga eit ungdomspanel som har kome med innspel rundt årsakar og løysingar på ufrivillig skulefråver. Her er nokre av råda dei gjev:

  • Barn og unge som slit med ufrivillig skulefråver må bli møtt med respekt og forståing.
  • Dei tilsette i barnehage og skule må ha tid til å sjå kvar enkelt.
  • Foreldre og andre vaksne må vere bevisste på korleis dei uttrykker sin oppleving av barnet/ungdommen. Nokre barn/unge kan kjenne seg som ei byrde.
  • Det kan vere ulike årsakar til fråver. Det kan vere forhold heime, fysisk eller psykisk sjukdom, mobbing, faglege utfordringar eller andre ting.
  • Det må vere god oppfølging. Gjerne av ein støtteperson på skulen.

Her er ein liten film (laga av PPT i Stavanger kommune) som visar at det kan vere ulike grunnar til at det kan vere vanskeleg å komme seg på skulen.

Kontakt rektor Anne Almehagen på barneskulen på tlf: 48092032.

Kontakt rektor Gunhild Haave på ungdomsskulen på tlf: 99269998.

Kva skjer vidare? Tiltaksplan ved elevfråver i skulen i Sør-Fron.

Meir informasjon

Lenker til hjelp

Gaming og dataspilling

Foreldrehverdag – trygge råd til deg med barn

Alarmtelefonen for barn og unge

Samtaletilbod fra Røde Kors til barn og unge

Stine Sofies Stiftelse

Jobbar for å beskytte barn mot vald og overgrep, for å avdekke vald og overgrep mot barn og for å sikre barn sin rettssikkerheit.

Fakta og råd om barn, unge og medier

Kunnskap om vald og overgrep

For deg som treng nokon å snakke med

Døgnopne, gratis og anonyme telefon- og chattetenester.

Snakk om mobbing

Chat i regi av Blå Kors for deg som har opplevd mobbing, kjenner nokon som blir mobba eller om du har mobba nokon sjølv.

Sex og samfunn

Gratis materiell om sinnemestring

Kvalitetssikra informasjon til ungdom

Barneombudet

Fakta om barn sin rettar. Spørsmål og svar-teneste.

Kirkens SOS

Landets største døgnåpne kriseteneste på telefon og internett.

Seksuelt misbruk

Vi er her for deg

Kontaktpersonar i Sør-Fron kommune

Familieteam

Familieteamet i Sør-Fron kommune er eit tverrfagleg team sett saman av følgjande tenester:

  • Helsestasjon
  • PPT (Pedagogisk -psykologisk rådgivningstjeneste)
  • Barnevernstjenesten
  • Familieveileder
  • Kommunepsykolog

Familieteamet er til for familiar med barn og ungdom i alderen 0-20 år, tilsette i barnehage og skule, samt andre som er i kontak med barn (for eksempel NAV, lege, politi osv).

Familieteam er ei tverrfagleg gruppe som kan bidra med:

  • drøfting av små og store bekymringer rundt barn, unge og familiar.
  • råd, veiledning og hjelp til barn, føresette og dei som dagleg er saman med barnet.
  • oppfølging ved bekymringsfullt fråver frå skule/barnehage.
  • drøfting rundt tema og problemstillinger.

Mål for familieteam: 

Familieteam skal vere eit lett tilgjengeleg tilbod der barn, unge og familiar kan få veiledning og støtte til å løyse små og større utfordringar.

Familiteam skal sette gode mål for oppfølging i tett samarbeid med barnet, ungdommen og familien.

Familieteam skal fremje inkluderande praksis og vere støttspelare for tilsette i tenester for barn, unge og familiar.

Familieteam skal fremje samhandling og kommunikasjon mellom tenester slik at barn, unge og familiar får god og koordinert oppfølging.

Barne- og familieveileder Eli Oda Segelstad

Helsestasjonen og helsestasjon for ungdom

Helsestasjonen er ei teneste for alle barn og unge i aldersgruppa 0-20 år. Tenesta arbeidar helsefremjande og forebyggjande i eit folkehelseperspektiv. Helsestasjonen er organisert under tenesteområdet familie og mestring. I lov om pasient og brukerrettigheiter står det i §6-1: Barn har rett til nødvendig helsehjelp i form av helsekontroll i den kommunen barnet bor eller midlertidig oppholder seg. Foreldre pliktar å medverke til at barnet deltek i helsekontroll.

Helsestasjonen samarbeider ofte med føresette og  barnehage/skule ved små og større utfordringar som gjeld barn og unge. Alltid med samtykke frå føresette.

Helsestasjon for ungdom er sjølvsagt på Snapchat og Facebook. I tillegg har helsestasjon drop-in på Vinstra kvar onsdag kl. 14-17.

Helsesjukepleiar og fagkoordinator Ingeborg Braastad Hagen

Helsesjukepleiar Ingrid Wistad

Barne- og familieveileder Eli Oda Segelstad

Psykolog Hanne Sletten Lie

Styrar i Harpefoss barnehage Liv Randi Sundhagen

Barnehage

Sør-Fron kommune har to kommunale barnehagar, Liene og Harpefoss barnehage. Begge barnehagane har barn i alderen 0–6 år.

Barnehagen sitt formål er at den ivareta barn sitt behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Dette skal skje i samarbeid og forståing med heimane. Barnehagane har stort fokus på godt psykososialt barnehagemiljø og har gode rutiner for oppfølging om barn opplev å ikkje ha eit trygt og godt barnehagemiljø.

Barnehagen skal tilpasse tilbodet sitt til alle barns sine behov og føresetnader og jobbe slik at alle blir inkludert i barnegruppene. Den viktigaste sosialiseringsarenaen barnehagen har er leiken.

Barnehagen samarbeidar ofte med helsestasjonen, pedagogisk psykologisk teneste (MGPP) og familieteam. Alltid med samtykke frå føresette.

Styrar i Liene barnehage Mette Gjefsen

Styrar i Harpefoss barnehage Liv Randi Sundhagen

Skule

I Sør-Fron kommune har vi ein barneskule og ein ungdomsskule:

Vi har som mål å ha eit godt fagleg og psykososialt miljø der den enkelte opplev tryggleik og sosialt fellesskap. Verksemdplanen for oppvekstavdelinga beskriv vår felles overordna visjon og verdiar:

  • Visjon: «Trivsel og læring for alle»
  • Verdiar: Kvalitet, respekt, inkludering og relasjonar

Skulane og barnehagane i Sør-Fron kommune ønskjer å ha ein tydeleg og felles profil. Oppvekstavdelinga arbeider mot felles mål og ein høg kvalitativ standard. Opplæringa skal utvikle elevane sitt totale læringsutbytte slik at dei møter meistring i kvardagen og kan strekkje seg mot nye mål.

I skulane i Sør-Fron kommune skal det vere nulltoleranse for mobbing og diskriminering.

MOT og «Handlingsplan for eit godt og inkluderande  skulemiljø» er godt innarbeidd i skulane. Begge skulane deltek i den nasjonale satsingane: «Vurdering for læring» og ungdsomsskulen deltek i «Ungdomsskulen i utvikling».

Rektor på Midtbygda og Hapefoss skule Anne Almehagen

Rektor på Sør-Fron ungdomsskule Gunhild Haave

Hopp til hovedinnholdet