Barn og unge i fokus | logo stående negativ
Barn og unge i fokus | kommunevåpen Sør-Fron kommune
a

Meny

Oversikt Sør-Fron kommune sine tenester

Her finn du informasjon om kvar enkelt teneste som direkte eller indirekte møter barn og unge i arbeidet sitt. Du finn i tillegg informasjon om Familieteam, ein viktig tverrfaglege samhandlingsarena i Sør-Fron kommune.

Familieteam

Familieteamet i Sør-Fron kommune er eit tverrfagleg team sett saman av følgjande tenester:

  • Helsestasjon
  • PPT (Pedagogisk -psykologisk rådgivningstjeneste)
  • Barnevernstjenesten
  • Familieveileder
  • Kommunepsykolog

Familieteamet er til for familiar med barn og ungdom i alderen 0-20 år, tilsette i barnehage og skule, samt andre som er i kontak med barn (for eksempel NAV, lege, politi osv).

Familieteam er ei tverrfagleg gruppe som kan bidra med:

  • drøfting av små og store bekymringer rundt barn, unge og familiar.
  • råd, veiledning og hjelp til barn, føresette og dei som dagleg er saman med barnet.
  • oppfølging ved bekymringsfullt fråver frå skule/barnehage.
  • drøfting rundt tema og problemstillinger.

Mål for familieteam: 

Familieteam skal vere eit lett tilgjengeleg tilbod der barn, unge og familiar kan få veiledning og støtte til å løyse små og større utfordringar.

Familiteam skal sette gode mål for oppfølging i tett samarbeid med barnet, ungdommen og familien.

Familieteam skal fremje inkluderande praksis og vere støttspelare for tilsette i tenester for barn, unge og familiar.

Familieteam skal fremje samhandling og kommunikasjon mellom tenester slik at barn, unge og familiar får god og koordinert oppfølging.

Barne- og familieveileder Eli Oda Segelstad

Helsestasjonen og helsestasjon for ungdom

Helsestasjonen er ei teneste for alle barn og unge i aldersgruppa 0-20 år. Tenesta arbeidar helsefremjande og forebyggjande i eit folkehelseperspektiv. Helsestasjonen er organisert under tenesteområdet familie og mestring. I lov om pasient og brukerrettigheiter står det i §6-1: Barn har rett til nødvendig helsehjelp i form av helsekontroll i den kommunen barnet bor eller midlertidig oppholder seg. Foreldre pliktar å medverke til at barnet deltek i helsekontroll.

Helsestasjonen samarbeider ofte med føresette og  barnehage/skule ved små og større utfordringar som gjeld barn og unge. Alltid med samtykke frå føresette.

Helsestasjon for ungdom er sjølvsagt på Snapchat og Facebook. I tillegg har helsestasjon drop-in på Vinstra kvar onsdag kl. 14-17.

Helsesjukepleiar og fagkoordinator Ingeborg Braastad Hagen

Helsesjukepleiar Ingrid Wistad

Barne- og familieveileder Eli Oda Segelstad

Psykolog Hanne Sletten Lie

Barnehage

Sør-Fron kommune har to kommunale barnehagar, Liene og Harpefoss barnehage. Begge barnehagane har barn i alderen 0–6 år.

Barnehagen sitt formål er at den ivareta barn sitt behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Dette skal skje i samarbeid og forståing med heimane. Barnehagane har stort fokus på godt psykososialt barnehagemiljø og har gode rutiner for oppfølging om barn opplev å ikkje ha eit trygt og godt barnehagemiljø.

Barnehagen skal tilpasse tilbodet sitt til alle barns sine behov og føresetnader og jobbe slik at alle blir inkludert i barnegruppene. Den viktigaste sosialiseringsarenaen barnehagen har er leiken.

Barnehagen samarbeidar ofte med helsestasjonen, pedagogisk psykologisk teneste (MGPP) og familieteam. Alltid med samtykke frå føresette.

Styrar i Liene barnehage Mette Gjefsen

Styrar i Harpefoss barnehage Liv Randi Sundhagen

Skule

I Sør-Fron kommune har vi ein barneskule og ein ungdomsskule:

Vi har som mål å ha eit godt fagleg og psykososialt miljø der den enkelte opplev tryggleik og sosialt fellesskap. Verksemdplanen for oppvekstavdelinga beskriv vår felles overordna visjon og verdiar:

  • Visjon: «Trivsel og læring for alle»
  • Verdiar: Kvalitet, respekt, inkludering og relasjonar

Skulane og barnehagane i Sør-Fron kommune ønskjer å ha ein tydeleg og felles profil. Oppvekstavdelinga arbeider mot felles mål og ein høg kvalitativ standard. Opplæringa skal utvikle elevane sitt totale læringsutbytte slik at dei møter meistring i kvardagen og kan strekkje seg mot nye mål.

I skulane i Sør-Fron kommune skal det vere nulltoleranse for mobbing og diskriminering.

MOT og «Handlingsplan for eit godt og inkluderande  skulemiljø» er godt innarbeidd i skulane. Begge skulane deltek i den nasjonale satsingane: «Vurdering for læring» og ungdsomsskulen deltek i «Ungdomsskulen i utvikling».

Rektor på Midtbygda og Hapefoss skule Anne Almehagen

Rektor på Sør-Fron ungdomsskule Gunhild Haave

Midt-Gudbrandsdal pedagogisk-psykologisk teneste

Midt-Gudbrandsdal Pedagogisk-psykologisk teneste (MGPP) skal hjelpe barn og unge frå 0-16 år (Opplæringslova §5) og vaksne med særskilte opplæringsbehov (Opplæringslova §4A-2). I tillegg til individrettet arbeid har tenesta ansvar for å bistå i det systemretta arbeidet som drives i barnehagar og skular.

Tenesten skal også omfatte rådgivning til foreldre og elevar som ønskjer det.

Tenesta er frivillig og gratis for brukarane.

Arbeidsområde

MGPP arbeider med ulike vansker og deler desse grovt inn i ;

  • Generelle og spesifikke fagvanskar.
  • Språk og kommunikasjonsvansker
  • Psykososiale vanskar (kjensle- og mellommenneskjelege vanskar)
  • Samansette lærevanskar,(som syndrom, fysisk og psykiske funksjonshemmingar)

Barn/elever under 15 år skal henvises av foresatte sjølv eller i samråd med barnehage, skule, helsestasjon eller andre. Ungdom over 15 år skal henvise sjøl og kan på eige initiativ ta kontakt med pp-tenesta. Henvisning skal vera skriftleg.

 

Tenesta omfatter

  • Sakkyndige vurderinger i høve til opplæringsloven §5, spesialpedagogisk hjelp i barnehagar, spesialundervisning i skulen og vurderinger ved søknad om framskutt/utsett skulestart m.m.
  • Rettleiing i forhold til barnehagar og skoler.
  • Delta i tverretatlig og tverrfagleg arbeid i kommunane.
  • Vera samarbeidspartner og bidragsyter i systemretta kompetanseutvikling i barnehage og skule.

Leiar MGPP Tor Otto Stormo

Midt-Gudbrandsdal barnevernteneste

Midt-Gudbrandsdal barnevernteneste er felles barnevern for kommunane Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron. Felles barnevernteneste hadde oppstart fra 01.01.2019

Ringebu kommune er vertskommune og kontora er på rådhuset i Ringebu kommune.

Adresse: Midt-Gudbrandsdal barneverntjeneste, Hanstadgata 4, 2360 Ringebu.

Tenesta kan nås på felles sentralbordnummer. Ved akutte henvendelser mandag til fredag 08.00-15.00: +47 45 37 59 98.

Meir informasjon finner du på Midt-Gudbrandsdal barnevernstjeneste si heimeside.

Barnevernvakt

Fra 01.01.2019 har Midt-Gudbrandsdal barnevernteneste gått i samarbeid med Ringsaker interkommunale barnevernvakt som er aktiv alle dagar frå kl. 15.00-08.00, og ellers heile døgnet i helger og heilagdagar.

Tlf. nummeret er: 40 40 40 15

Midt-Gudbrandsdal barnevernteneste

Barnevernvakta

Psykisk helse

Treng du oppfølgjing eller hjelp til å meistre psykiske helse- og/eller rusutfordringar? Eller er du pårørande? Da kan du ta kontakt. Det er ikkje nødvendig med henvisning fra lege eller spesialisthelsetenesta. Tjenesten er gratis og for alle over 18 år. Vi har teieplikt.

Ved behov for akutt hjelp etter kontortid, ta kontakt med legevakt tlf 116 117.

 

Våre tilbod:

  • Individuelle samtaler
  • Individuelt tilpassa veiledning
  • Ansvarsgrupper/samarbeidsmøter
  • Kurs i depresjonsmeistring (KID-kurs) og kurs i meistring av belastning (KIB-kurs)
  • For personar med rusproblem, utdeling av brukarutstyr etter avtale
  • Vi samarbeider med landsforeninga for pårørande innan psykisk helse (LPP) og pårørande guide. Vår kontaktperson er Dag Morken som kan kontaktes på mobil 471 59 468 for råd, støtte og veiledning
  • Kurs i regi av Frisklivssentralen

Vi har tverrfagleg samarbeid med psykiatrisk poliklinikk, barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, tverrfagleg spesialisert rusbehandling, barneverntenesta, helsestasjon, fastlegar, frisklivssentralen og fysioterapitenesta, familievernkontor, NAV og andre hjelpeinstanser.

Vi er også behjelpelige med å formidle kontakt til den hjelpeinstansen pasient eller pårørende måtte ønskje.

Kontortid: mandag–fredag 08.00–15.30
Besøksadresse: Sørheim omsorgssenter, Sørheimsvegen 15, 2647 Sør-Fron
Postadresse: Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron

Fagkoordinator i psykisk helse Kari Gryttingslien

Spesialsjukepleier Heidi Skipperstøen

Sjukepleier Linda Johansen

Midt-Gudbrandsdal flyktningeteneste

Midt-Gudbrandsdal Flyktningetjeneste (MGF) er en felles tjeneste for kommunene Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron. MGF ble etablert den 01.01.19, og Sør-Fron kommune er vertskommune.

Besøksadresse: Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron
Postadresse: Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron
Åpningstider mandag til fredag fra 08.00–15.30.

Tenester

Midt-Gudbrandsdal Flyktningetjeneste jobber etter retningslinjer som er utarbeidet interkommunalt i nord- og midt Gudbrandsdalen.

Tjenestene MGF utfører er:

  • Bistand i forbindelse med bosetting fra mottak eller ved mottak av kvoteflyktninger
  • Oppfølging og veiledning etter bosetting
  • Bistand i forhold til introduksjonsprogram og andre tiltak
  • Bistand med praktiske gjøremål, oppfølging og informasjon
  • Koordineringsansvar
  • Informasjonsvirksomhet ut til andre tjenester, lag og foreninger
  • Integreringsarbeid

Leder flyktningeteneste Marte Brunæs Torgersen

Hopp til hovedinnholdet