Barn og unge i fokus | logo stående negativ
Barn og unge i fokus | kommunevåpen Sør-Fron kommune
a

Meny

Nivå 3

Samarbeid mellom fleire tenester

Dette nivået beskriv samhandling/samarbeid når tre eller fleire tenester jobbar rundt eit barn/ungdom/familie.

Målet er å samordne innsatsen til barnets beste. Barnet/ungdommen/familien skal medverke i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak. 

Trinn 3

Koordiner og gjennomfør innsatsen

Kva?

Alle gjennomfører tiltaka dei har ansvar for. 

Kven?

Alle deltakarane i samarbeidet. 

Korleis?

Alle som har ansvar for tiltak sørger for å sette i gang og følgje opp desse. Ein person barnet/ungdommen har tillit til fortel kva som skal skje framover. Den som har ansvar for samarbeidet skal ha oversikt over endring som oppstår og ha kontakt med familien undervegs . 

NB! Ved mistanke om vald / overgrep / alvorleg omsorgssvikt skal saka meldast direkte til Barneverntenesta  eventuelt også  politi
Føresatte informerast ikkje.

Hopp til hovedinnholdet