Barn og unge i fokus | logo stående negativ
Barn og unge i fokus | kommunevåpen Sør-Fron kommune
a

Meny

Nivå 3

Samarbeid mellom fleire tenester

Dette nivået beskriv samhandling/samarbeid når tre eller fleire tenester jobbar rundt eit barn/ungdom/familie.

Målet er å samordne innsatsen til barnets beste. Barnet/ungdommen/familien skal medverke i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak. 

Trinn 2

Tverrfagleg møte

Kva?

Skap felles forståing for kva som er vanskeleg og kva som skal vere fokus i møtet. Sørg for at foreldre, barn og ungdom kjenner seg ivaretatt og viktige i samarbeidet og at deira oppleving blir teke på alvor. 

 

Kven?

Alle som deltek i samarbeidet. 

Korleis?

Still spørsmål og ver ope for andre sine innspel. Alle deltakarar bidreg med forslag til tiltak. Foreldre og barnet/ungdommen bidreg i å velge kva for tiltak ein skal prøve ut.

Det skal skrivast referat frå møtet og lagast ein klar plan med oversikt over kven som gjer kva til neste møte. 

NB! Ved mistanke om vald / overgrep / alvorleg omsorgssvikt skal saka meldast direkte til Barneverntenesta  eventuelt også  politi
Føresatte informerast ikkje.

Hopp til hovedinnholdet