Barn og unge i fokus | logo stående negativ
Barn og unge i fokus | kommunevåpen Sør-Fron kommune
a

Meny

Nivå 3

Samarbeid mellom fleire tenester

Dette nivået beskriv samhandling/samarbeid når tre eller fleire tenester jobbar rundt eit barn/ungdom/familie.

Målet er å samordne innsatsen til barnets beste. Barnet/ungdommen/familien skal medverke i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak. 

Trinn 1

Etabler kontakt med fleire tenester

Kva?

Avklar behov og kven som kan bidra til løysingar vidare. Barnet, ungdommen og familien skal medverke om dei ønskjer. Dei har rett til dette, men ikkje plikt. Den som har ansvar (f.eks. koordinator) kallar inn til møte. 

Ansvarleg for samarbeidet skaffar oversikt over kva som er gjennomført av tiltak fram til nå, samt evaluering av desse. 

Kven?

Ansvarleg for samarbeidet, koordinator. 

Korleis?

Finn møtetidspunkt og stad som passar for alle, inkludert foreldre og evt. barnet/ungdommen. 

NB! Ved mistanke om vald / overgrep / alvorleg omsorgssvikt skal saka meldast direkte til Barneverntenesta  eventuelt også  politi
Føresatte informerast ikkje.

Hopp til hovedinnholdet