Barn og unge i fokus | logo stående negativ
Barn og unge i fokus | kommunevåpen Sør-Fron kommune
a

Meny

Nivå 2

Samarbeid mellom to tenester

Dette nivået beskriv samhandling/samarbeid mellom to tenester. Målet er å samordne innsatsen til barnets beste.

Barnet/ungdommen/familien skal medverke i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltaka.

Trinn 2

Planlegg tiltak

Kva?

Inviter til, og gjennomfør samarbeidsmøte med barnet/ungdommen (viss mogleg), føresette og aktuelle tenester. 

I møte skal de bli einige om tiltak og kven som har ansvar for kva. 

Kven?

Kontaktlærar, pedagogisk leiar, helsesjukepleiar. Alle personar involvert i samarbeidet deltek i planlegging av tiltak. 

Korleis?

Det bør utformast tiltak som gjeld alle arenaer der barnet oppheld seg. 

Lag ein plan som innheld: 

  • tiltak.
  • når tiltaka skal evaluerast. 
  • tidspunkt for neste møte.  

NB! Ved mistanke om vald / overgrep / alvorleg omsorgssvikt skal saka meldast direkte til Barneverntenesta  eventuelt også  politi
Føresatte informerast ikkje.

Hopp til hovedinnholdet