Barn og unge i fokus | logo stående negativ
Barn og unge i fokus | kommunevåpen Sør-Fron kommune
a

Meny

Nivå 2

Samarbeid mellom to tenester

Dette nivået beskriv samhandling/samarbeid mellom to tenester. Målet er å samordne innsatsen til barnets beste.

Barnet/ungdommen/familien skal medverke i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltaka.

Trinn 1

Etabler kontakt med anna teneste

Kva?

Ta kontakt med tenesta du ønskjer skal bli involvert. Dette skal skje i samråd med barnet/ungdommen og føresette. Samtykke til tverrfagleg samhandling skal hentast inn (bruk samtykkeskjema for tverrfagleg samhandling).

Kven?

Kontaktlærar, pedagogisk leiar, helsesjukepleiar. 

Korleis?

Planlegg møte godt på førehand. Føremålet med møtet skal vere klart for alle involverte. 

Tenk gjennom mål og tiltak som kan vere aktuelle i forkant av møtet, samt korleis de skal ivareta barnet/ungdommen sin rett til medverknad. 

NB! Ved mistanke om vald / overgrep / alvorleg omsorgssvikt skal saka meldast direkte til Barneverntenesta  eventuelt også  politi
Føresatte informerast ikkje.

Hopp til hovedinnholdet