- Barn og unge i fokus
- 5
- Ansatt
- 5
- BTI handlingsveileder
- 5
- Avklar undring – del undring
Avklar undring
På dette nivået blir du merksam på ei undring knytt til eit barn/ungdom eller familie. Undringa kan handle om eit barn/ungdom si helse, trivsel, livssituasjon eller utvikling. Ei undring startar gjerne med magekjensle.Du kan nytte verktøy for å konkretisere og utforske undringa. Barnet/ungdommen/familien skal involverast så tidleg som mogleg.
Del undring
Kva?
Del undringa med barnet eller barnet sine føresette. Målet med ei slik samtale er å sjå om det er grunnlag for bekymring.
Det er viktig å samtidig undersøke om utfordringar på systemnivå i barnehage/skole kan være årsak til undringa.
I barnesamtaler – hugs å stille opne spørsmål og vær ærleg.
Sjå tips til barnesamtale.
Kven?
Leiar, kontaktlærar, pedagogisk leiar, helsesjukepleier.
Korleis?
Samtale med barnet og/eller føresette. Vurder kva slags samtale som er mest hensiktsmessig. Uformell, telefonsamtale, avtalt samtale.
Øv gjerne med ein kollega først.
NB! Ved mistanke om vald / overgrep / alvorleg omsorgssvikt skal saka meldast direkte til Barneverntenesta eventuelt også politi
Føresatte informerast ikkje.