- Barn og unge i fokus
- 5
- Ansatt
- 5
- BTI handlingsveileder
- 5
- Avklar undring – konkretiser undring
Avklar undring
På dette nivået blir du merksam på ei undring knytt til eit barn/ungdom eller familie. Undringa kan handle om eit barn/ungdom si helse, trivsel, livssituasjon eller utvikling. Ei undring startar gjerne med magekjensle.Du kan nytte verktøy for å konkretisere og utforske undringa. Barnet/ungdommen/familien skal involverast så tidleg som mogleg.
Konkretiser undring
Kva?
Konkretiser undring og del med leiar/kollegaer. Lag skriftleg notat. Beskriv observasjonane som er gjort. Kva er det som gjer at du undrar deg?
Forsøk å kom fram til nokre spørsmål/tema som kan drøftast vidare. For eksempel med kollegar og føresette.
Kven?
Avdelinga, gruppa, teamet.
Korleis?
Bruk avdelingsmøte, samarbeidsmøte, teamtid, fellestid. Den som undrar/bekymrar seg deler med dei andre. Ta på alvor og utforsk saman.
NB! Ved mistanke om vald / overgrep / alvorleg omsorgssvikt skal saka meldast direkte til Barneverntenesta eventuelt også politi
Føresatte informerast ikkje.