- Barn og unge i fokus
- 5
- Ansatt
- 5
- BTI handlingsveileder
- 5
- Tiltak i eigen teneste – konkretiser bekymring
Nivå 1
Tiltak i eigen teneste
Dette nivået beskriv tiltak i eigen teneste. Målet er å sette i gang tiltak til barnets beste. Barnet/ungdommen/familien skal medverke i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltaka.
Konkretiser bekymring. Beskriv mål og innsats
Kva?
Bruk informasjonen du har fått gjennom prosessen på nivå 0 og gjer bekymringa/undringa konkret. Førebu møte med føresette og/eller barnet/ungdommen.
Sjølv om nivå 1 gjeld tiltak på eigen teneste er det allereie her mogleg å søke råd og veiledning frå familieteam eller andre aktuelle tenester. Bruk samtykkeskjema for tverrfagleg samhandling.
Kven?
Teamet, avdelinga, gruppa.
Korleis?
Gå gjennom dokumentasjonen. Lag forslag til tiltak, men unngå å låse deg til desse. Diskuter med leiar.
NB! Ved mistanke om vald / overgrep / alvorleg omsorgssvikt skal saka meldast direkte til Barneverntenesta eventuelt også politi
Føresatte informerast ikkje.