- Barn og unge i fokus
- 5
- Ansatt
- 5
- BTI handlingsveileder
- 5
- Avklar undring – grunn til å gå vidare?
Avklar undring
På dette nivået blir du merksam på ei undring knytt til eit barn/ungdom eller familie. Undringa kan handle om eit barn/ungdom si helse, trivsel, livssituasjon eller utvikling. Ei undring startar gjerne med magekjensle.Du kan nytte verktøy for å konkretisere og utforske undringa. Barnet/ungdommen/familien skal involverast så tidleg som mogleg.
Avklar undring – grunn til å gå vidare?
Kva?
Er det grunn til bekymring?
Vurder saman med leiar/kollegaer og basert på samtaler om det er grunn til å gå videre med saka til nivå 1 eller 2, eller om det ikkje er behov for å gå vidare.
Gjeld bekymringa trygt barnehage- eller skulemiljø eller bekymringsfullt skulefråver – følg gjeldane rutiner.
Kven?
Leiar saman med kontaktlærar, pedagogisk leder, helsesjukepleier.
Korleis?
Vurdering og drøfting. Skal saka vidare eller avsluttast. Er det behov for tiltak på nivå 1 (egen teneste), nivå 2 (barnet, skule, barnehage, helsestasjon og ei anna teneste) eller nivå 3 (komplekst samarbeid).
NB! Ved mistanke om vald / overgrep / alvorleg omsorgssvikt skal saka meldast direkte til Barneverntenesta eventuelt også politi
Føresatte informerast ikkje.