Barn og unge i fokus | logo stående negativ
Barn og unge i fokus | kommunevåpen Sør-Fron kommune
a

Meny

Hei, så bra at du prøver å finne hjelp!

Har du eller nokon du kjenner det vondt eller vanskeleg?
Det er mange som kan og vil hjelpe deg. Du kan prate med ein lærar, hjelpesjukepleiar eller ein annan vaksen du stolar på.

Barn og unge i fokus | illustrasjon omsorg

Døgnope telefon

Treng du hjelp no?

Treng du hjelp no med ein gong kan du ringe politi eller alarmtelefonen (døgnope).

Chat

Vil du helst chatte og ikkje seie navnet ditt?

Du kan chatte med alarmtelefonen for barn og unge fra kl. 16.15 til 22.45 alle dagar. Laurdagar er den ope til kl. 23.45. Tjenesten er gratis og du er heilt anonym.

Det er mange som kan hjelpe

Treng du nokon å prate med? Du kan ringe

NB! Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direkte kontakt med Politi 02800
eller Midt-Gudbrandsdal Barnevernteneste 45 37 59 98 

Eksempler på bekymringar

Eg vil vite meir om

vald, overgrep og omsorgssvikt

Alle barn og ungdommar har rett til å ha det trygt og godt. Det finnes hjelp om du, eller nokon du kjenner, blir utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt. Du er ikkje aleine, det finnes hjelp og det er kjempefint om du kan prate med ein vaksen du er trygg på.

Vald 
«Vold er enhver handling rettet mot en annen person som gjennom denne handlingen skader, smerter, skremmer, krenker eller får denne personen til å gjøre noe mot sin vilje eller slutte å gjøre noe som den ønsker». Per Isdal (2000:36)

  • Fysisk vald er der eit barn eller ein ungdom blir påført skade, smerte eller sjukdom av omsorgspersonar eller andre.
  • Psykisk vald kan komme til uttrykk gjennom at omsorgspersonar, eller andre, kallar barnet eller ungdommen stygge/nedsettande ting, gjer narr, ignorer, kontrollerer, manipulere eller øydelegg barnet/ungdommen sine ting med vilje.
  • Nokre barn og ungdommar opplev vald mellom omsorgspersonar heime. Dette kan vere vondt og skremmande. Men det finnes hjelp både for den som opplev dette og for den som utøver vald. (dinutvei.no)

Overgrep 
Seksuelle overgrep er å gjere noko seksuelt med eller mot nokon sjølv om dei ikkje vil eller ikkje har samtykka. Barn under 16 år kan ikkje gje samtykke og all seksuell adferd med barn under 16 år blir rekna som overgrep. Barn skal ikkje bli utsett for seksuelle overgrep. Det er viktig å fortelje om det til ein trygg vaksen – det finnes hjelp.

Omsorgssvikt
Nokre gonger klarer ikkje foreldre å gje barnet eller ungdommen sin nødvendig omsorg, tryggleik og sikkerheit. Det kan skje fordi omsorgspersonane ikkje klarar eller forstår kva som skal til. Andre gonger utsett omsorgspersonar barn og ungdom for omsorgssvikt med vilje.

Om du eller nokon du kjenner blir utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt er det viktig å få hjelp da det kan vere svært skadeleg å ikkje kjenne seg trygg heime. Alle barn har behov for kjærleik, omsorg, tryggleik og beskyttelse.

Vil du finne ut meir om kva vald og overgrep er? Klikk her: jegvilvite.no

Vil du prate eller chatte med nokon som ikkje veit kven du er? Ring den døgnopne alarmtelefonen for barn og unge – 116 111. Eller bruk chat her: 116111.no (ope kl. 16.15–22.45 alle dagar, laurdag kl. 16.15–23.45).

Treng du hjelp nå? Ring barnevernvakta – 40404015 eller alarmtelefonen for barn og unge 116 111.

å grue seg til å gå på skulen?

Det kan vere ulike grunnar til at barn og unge gruar seg til å gå på skulen. Det kan vere noko på skulen som gjer det, eller det kan være noko i a livet ellers som påverkar. Det er mange som har det slik, og saman med den det gjeld og familien kan vi finne ut korleis vi kan hjelpe. Det er kjempefint om du kan prate med ein vaksen du kjenner og er trygg på om du opplev at det er vanskeleg å komme seg til skulen.

Her er ein liten film (laga av PPT i Stavanger kommune) som visar at det kan vere ulike grunnar til at det kan vere vanskeleg å komme seg på skulen.

Barneombodet har samla ei gruppe ungdom som har erfaring med ufrivillig skulefråver. Dei har laga ein rapport som heiter One Size Fits All. Der gjev dei råd til skular og andre om korleis ein kan hjelpe barn og unge tilbake på skulen. Her er nokre av råda dei gjev:

  • Barn og unge må lære om kjensler, livsmestring og psykisk helse tidleg.
  • Barnehagar og skular må bli gode til å fange opp årsakar til fråver tidleg.
  • Barn og unge må ha gode støttespelere som kan det dei jobbar med.
  • Barn og unge må få god oppfølging og bli ivaretatt også når dei er borte frå skulen.
  • Forsøke å gjere endringar som kan gjere det enklare å komme tilbake på skulen.
  • Undervising og vurdering må vere tilpassa eleven sine behov.
  • Fokus på godt skulemiljø.

Om du vil kan du sende melding til Anne (rektor på Midtbygda), Gunhild (rektor på ungdomsskulen) eller helsesjukepleier Ingeborg og spørje om det du lurar på.

å bekymre seg?

Det er heilt normalt å bekymre seg, spesielt når ein er barn eller ungdom og kjem i nye og ukjende situasjonar. Nokre gonger kan bekymringane ta litt overhand og  gjere at du ikkje har det bra. Ofte kan berre det å dele bekymringane med nokon vere bra og dempe uroa. Kanskje veit du ikkje heilt kva som bekymrar deg? Ved å prate med nokon kan du finne ord for det og få andre perspektiv. Det vil varierer fra person til person kva som kan hjelpe, men her er nokre råd:

  • Prat med ein du stolar på. Det kan vere ein ven, forelder, lærar, trener osv.
  • Finn aktiviteter som gjer at du slappar av og har det fint.
  • Tenk på situasjonar eller erfaringar der du har opplevd noko utfordrande, men det gjekk bra.
  • Forsøk å ha fokus på ting du kan gjere noko med.
  • For nokon kan det vere til å hjelp å skrive ned tankar og kjensler.
  • Spør om hjelp om du kjenner at du ikkje handterer det på eiga hand. Du er ikkje aleine.

Det er fleire i Sør-Fron kommune du kan prate med om dette:

Send sms eller ring til helsesjukepleier Ingeborg.

Send sms eller ring til barne- og familieveileder Eli Oda.

 

Om du foretrekk å vere heilt anonym finnes det fleire chat-tenester. Blant anna:

Snakk om psyken og Alarmtelefonen for barn og unge.

Mer informasjon

Lenker til hjelp

Alarmtelefonen for barn og unge

Snakk om psyken

Samtaletilbod fra Røde Kors til barn og unge

Stine Sofies Stiftelse

Jobbar for å beskytte barn mot vald og overgrep, for å avdekke vald og overgrep mot barn og for å sikre barn sin rettssikkerheit.

Sex og samfunn

Kunnskap om vald og overgrep

For deg som treng nokon å snakke med

Døgnopne, gratis og anonyme telefon- og chattetenester.

Snakk om mobbing

Chat i regi av Blå Kors for deg som har opplevd mobbing, kjenner nokon som blir mobba eller om du har mobba nokon sjølv.

Kvalitetssikra informasjon til ungdom

Barneombudet

Fakta om barn sin rettar. Spørsmål og svar-teneste.

Kirkens SOS

Landets største døgnåpne kriseteneste på telefon og internett.

Seksuelt misbruk

Vi er her for deg

Kontaktpersonar i Sør-Fron kommune

Familieteam

Familieteamet i Sør-Fron kommune er eit tverrfagleg team sett saman av følgjande tenester:

  • Helsestasjon
  • PPT (Pedagogisk -psykologisk rådgivningstjeneste)
  • Barnevernstjenesten
  • Familieveileder
  • Kommunepsykolog

Familieteamet er til for familiar med barn og ungdom i alderen 0-20 år, tilsette i barnehage og skule, samt andre som er i kontak med barn (for eksempel NAV, lege, politi osv).

Familieteam er ei tverrfagleg gruppe som kan bidra med:

  • drøfting av små og store bekymringer rundt barn, unge og familiar.
  • råd, veiledning og hjelp til barn, føresette og dei som dagleg er saman med barnet.
  • oppfølging ved bekymringsfullt fråver frå skule/barnehage.
  • drøfting rundt tema og problemstillinger.

Mål for familieteam: 

Familieteam skal vere eit lett tilgjengeleg tilbod der barn, unge og familiar kan få veiledning og støtte til å løyse små og større utfordringar.

Familiteam skal sette gode mål for oppfølging i tett samarbeid med barnet, ungdommen og familien.

Familieteam skal fremje inkluderande praksis og vere støttspelare for tilsette i tenester for barn, unge og familiar.

Familieteam skal fremje samhandling og kommunikasjon mellom tenester slik at barn, unge og familiar får god og koordinert oppfølging.

Barne- og familieveileder Eli Oda Segelstad

Helsestasjonen og helsestasjon for ungdom

Helsestasjonen er ei teneste for alle barn og unge i aldersgruppa 0-20 år. Tenesta arbeidar helsefremjande og forebyggjande i eit folkehelseperspektiv. Helsestasjonen er organisert under tenesteområdet familie og mestring. I lov om pasient og brukerrettigheiter står det i §6-1: Barn har rett til nødvendig helsehjelp i form av helsekontroll i den kommunen barnet bor eller midlertidig oppholder seg. Foreldre pliktar å medverke til at barnet deltek i helsekontroll.

Helsestasjonen samarbeider ofte med føresette og  barnehage/skule ved små og større utfordringar som gjeld barn og unge. Alltid med samtykke frå føresette.

Helsestasjon for ungdom er sjølvsagt på Snapchat og Facebook. I tillegg har helsestasjon drop-in på Vinstra kvar onsdag kl. 14-17.

Helsesjukepleiar og fagkoordinator Ingeborg Braastad Hagen

Helsesjukepleiar Ingrid Wistad

Barne- og familieveileder Eli Oda Segelstad

Psykolog Hanne Sletten Lie

Barnehage

Sør-Fron kommune har to kommunale barnehagar, Liene og Harpefoss barnehage. Begge barnehagane har barn i alderen 0–6 år.

Barnehagen sitt formål er at den ivareta barn sitt behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Dette skal skje i samarbeid og forståing med heimane. Barnehagane har stort fokus på godt psykososialt barnehagemiljø og har gode rutiner for oppfølging om barn opplev å ikkje ha eit trygt og godt barnehagemiljø.

Barnehagen skal tilpasse tilbodet sitt til alle barns sine behov og føresetnader og jobbe slik at alle blir inkludert i barnegruppene. Den viktigaste sosialiseringsarenaen barnehagen har er leiken.

Barnehagen samarbeidar ofte med helsestasjonen, pedagogisk psykologisk teneste (MGPP) og familieteam. Alltid med samtykke frå føresette.

Styrar i Liene barnehage Mette Gjefsen

Styrar i Harpefoss barnehage Liv Randi Sundhagen

Skule

I Sør-Fron kommune har vi ein barneskule og ein ungdomsskule:

Vi har som mål å ha eit godt fagleg og psykososialt miljø der den enkelte opplev tryggleik og sosialt fellesskap. Verksemdplanen for oppvekstavdelinga beskriv vår felles overordna visjon og verdiar:

  • Visjon: «Trivsel og læring for alle»
  • Verdiar: Kvalitet, respekt, inkludering og relasjonar

Skulane og barnehagane i Sør-Fron kommune ønskjer å ha ein tydeleg og felles profil. Oppvekstavdelinga arbeider mot felles mål og ein høg kvalitativ standard. Opplæringa skal utvikle elevane sitt totale læringsutbytte slik at dei møter meistring i kvardagen og kan strekkje seg mot nye mål.

I skulane i Sør-Fron kommune skal det vere nulltoleranse for mobbing og diskriminering.

MOT og «Handlingsplan for eit godt og inkluderande  skulemiljø» er godt innarbeidd i skulane. Begge skulane deltek i den nasjonale satsingane: «Vurdering for læring» og ungdsomsskulen deltek i «Ungdomsskulen i utvikling».

Rektor på Midtbygda og Hapefoss skule Anne Almehagen

Rektor på Sør-Fron ungdomsskule Gunhild Haave

Hopp til hovedinnholdet